100% stilling i helse og omsorg frå hausten 2026

Arbeidsplassen

nerheim, rogaland, Norway
Full-time
Posted June 16, 2026

Job Description

100% stilling i helse og omsorg frå hausten 2026

Tenestekontoret er kontaktpunkt for dei som har spørsmål om kommunale helse- og omsorgstenester, bustadtildeling og koordinerande eining i Vindafjord kommune. Me gir informasjon og rettleiing, tek imot søknadar og behandlar desse etter gjeldande retningslinjer og aktuelt lovverk. Me vurderer rett tenestenivå, tilbyr tenester til dei som treng det og skriv enkeltvedtak. Me legg vekt på gode pasientforløp og ønskjer å gi den einskilde eit heilskapleg og verdig tenestetilbod. Kartleggingsbesøk, samtalar og dialog med søkjarar, pårørande og tenesteytarar er ein naturleg del av arbeidskvardagen til våre to erfarne saksbehandlarar.

Våre tilsette har sin arbeidsstad på rådhuset i Ølen mellom , med moglegheit for fleksibel arbeidstid. Det må påreknast noko meir ansvar når det er færre på jobb. Leiar tek medansvar i den daglege drifta ved behov.

Du vil bidra til riktig fordeling av helse- og omsorgstenester i Vind...