100% Stilling som Helsefagarbeidar ved Austevoll pleie og omsorgssenter
Anne Marie Njåstad
Job Description
Om arbeidsstaden
Helse ogvelferd er ei eining med om lag200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta,miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid.Helse ogvelferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Om stillinga
Stillinga er fast i 100% og omfattar dag- og kveldsvakter, inkludert nokre langvakter. Ei full stilling utgjer 35,5 timar per veke. Per i dag er stillinga i turnus med langvakter kvar fjerde helg. Turnusen kan endrast ved nyårsturnus dersom det erønskjeleg.
Austevoll kommune er i omstilling, og arbeids- og ansvarsområda kan difor bli endra. Kommunen er ein TØRN-kommune med målretta oppgåvedeling, effektive arbeidsprosessar og kontinuerleg utviklingsarbeid. ...