Allmennlege (100 %) – kommunal tilsetjing, Rosendal/Hatlestrand.

Arbeidsplassen

rosendal, vestland, Norway
Full-time
Posted June 05, 2026

Job Description

Allmennlege (100 %) – kommunal tilsetjing, Rosendal/Hatlestrand.

Drøymar du om å kombinere faglege utfordringar med naturskjønne omgjevnader?

Kvinnherad kommune søker ein engasjert spesialist i allmennmedisin eller lege i ALIS‑løp til 100 % kommunal stilling. Stillinga er delt mellom Hatlestrand helsesenter (tre dagar/veke) og Rosendal helsesenter (to dagar/veke). Du blir samstundes ein del av det faglege fellesskapet ved Rosendal helsesenter, der seks fastlegar arbeider i kontorfellesskap (felles AS), i tillegg til ein LIS1‑lege. Fire av legane er spesialistar i allmennmedisin, og vi har medisinstudent to gonger i året (6 veker kvar gong).

Liste og arbeidsoppgåver

Stillinga omfattar vanlege fastlegeoppgåver med tilpassa listelengd (ca. 750–800 pasientar), justert etter erfaring og ønskt arbeidsmengde. Du får god støtte lokalt på Hatlestrand (sjukepleiar til stades tre dagar i veka) og tilgang til kollegialt miljø, internundervisning og...