Allmennlege (100 %) – kommunal tilsetjing, Rosendal/Hatlestrand.

Trygve Torjusen

rosendal, vestland, Norway
Full-time
Posted June 07, 2026

Job Description

Drøymar du om å kombinere faglege utfordringar med naturskjønne omgjevnader?

Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert spesialist i allmennmedisin eller lege i ALIS‑løp til 100 % kommunal tilsetjing. Stillinga er delt mellom Hatlestrand helsesenter (tre dagar/veke) og Rosendal helsesenter (to dagar/veke). Du blir samstundes ein del av det faglege fellesskapet ved Rosendal helsesenter, der seks fastlegar arbeider i kontorfellesskap (felles AS), i tillegg til ein LIS1‑lege. Fire av legane er spesialistar i allmennmedisin, og vi har medisinstudent to gonger i året (6 veker kvar gong).

Liste og arbeidsoppgåver

Stillinga omfattar vanlege fastlegeoppgåver med tilpassa listelengd (ca. 750–800 pasientar), justert etter erfaring og ønskt arbeidsmengde. Du får god støtte lokalt på Hatlestrand (sjukepleiar til stades tre dagar i veka) og tilgang til kollegialt miljø, internundervisning og rettleiing ved Rosendal. Ønskt oppstart er , eller etter avtale.

...