Alsaker Fjordbruk – IT-konsulent – Søknadsfrist snarast, og innan 06.01.2026

HAMNØY AS

onarheim, vestland, Norway
Full-time
Posted June 11, 2026

Job Description

Vil du vere med og utvikle og drifte IT-løysingar internt i konsernet? Hos oss er målet å ha kompetansen i eigen organisasjon – me driftar både lokale servere og moderne skytjenester, som Microsoft 365 og Azure. Me ser etter deg som likar å finne løysingar, hjelpe folk og sikre stabil drift. Du får påverke korleis me vidareutviklar vår IT-plattform, og bidra til at konsernet jobbar effektivt og sikkert – kvar dag.

Som IT-konsulent i Alsaker og Meidell konsern vil du ha ansvar for IT-drift på tvers av fleire selskap, med lokasjonar langs kysten frå Rogaland til Hordaland.

Noko reising mellom lokasjonane må påreknast, men kontorstaden din er Onarheim. Du blir ein viktig person i eit konsern med breidt IT-behov, der du sikrar stabil drift og bidreg til utvikling. Du blir del av eit kompetent IT-team som samarbeidar tett med resten av organisasjonen.

Som IT-konsulent hos oss vil du jobbe med et breidt spekter av arbeidsoppgåver, blant anna drift og utvikl...