Assisterande Seksjonsleiar

Haukeland Universitetssjukehus

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 13, 2026

Job Description

Om stillinga
Vi har ledig stilling som assisterande seksjonsleiar ved Avdeling for Fysikalsk medisinsk rehabilitering, Post 1.
Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar, som vil ha deg med for å bidra til å sikre og utvikle gode tenester. Du får jobbe med fag
- og utviklingsarbeid, samstundes som du er tett på pasientarbeidet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til å gjere andre gode.
Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Vi er inne i ein spennande utviklingsfase med mange pågåande og planlagde utviklings
- og endringsprosessar, m.a. knytta til nybygg og samlokalisering på Nordås.
AFMR gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, muskel
- og skjelettlidingar, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade m.a. som treng utgreiing, vurdering og spesialisert rehabil...