Job Description
Kunsthuset Kabuso Frist 15.6.2026 Ansettelsesform Fast Avdelingsleiar søkjast til Kunsthuset Kabuso Kunsthuset Kabuso er eit profesjonelt kunstsenter, med eit variert tilbod innan samtidskunst, konsertar og formidling. Verksemda omfattar skiftande kunstutstillingar, drift av konsertsal, kafé og butikk, samt forvalting av Ingebrigt Vik-samlinga og Kvam bygdemuseum. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar som vil vere med på å vidareutvikle Kabuso som kunstinstitusjon og møteplass. Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å forme profilen til Kabuso, med ansvar for både kunstnerisk utvikling, dagleg drift og strategisk leiing. Du vil arbeide tett saman med dyktige medarbeidarar og vere ein del av leiargruppa i Hardanger og Voss museum. Du vil rapportere til direktør for Hardanger og Voss museum. Arbeidsstad er Øystese. Ansvar og arbeidsoppgåver Som avdelingsleiar vil du vere kunstnerisk leiar og ha det overordna ansvaret for drift og utvikling av Kunsthuset K...