Barnehagestyrar I Nipa Barnehage - 100% Fast Stilling

Askvoll kommune

vestlandet, vestlandet, Norway
Full-time
Posted June 17, 2026

Job Description

Vår noverande styrar i Nipa barnehage går over til ny leiarjobb i kommunen, og vi søkjer difor ein ny engasjert barnehagestyrar i fast 100% stilling frå , og som vil ta stafettpinnen vidare. Vi ønskjer deg som vil leie barnehagen gjennom vidare utvikling og sikre eit trygt og inspirerande læringsmiljø for barna.
Det er i Nipa barnehage sett av tid til leiing og administrasjon som for tida utgjer 40% av stillinga.
Nipa barnehage ligg i Sauesundet på Atløy. Barnehagen og Atløy skule held til i same bygg. Vi har stort og flott uteområde med skog, fjell, fjære, ballbinge og idrettsbane.
**- Arbeidsoppgåver**:
- Styrar har hovudansvar for heile barnehagen i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, herunder: Lov om barnehage, Rammeplan for barnehage og Askvoll kommune sine styringsdokument og vedtak som er gjeldande for barnehagar.
- Styrar er arbeidsgivar sin representant på arbeidsplassen, og pliktar å vere lojal overfor arbeidsgjevar sine vedtak og avgjerder.
- Styra...