Bjørnafjorden og Samnanger Legevakt og legevaktsentral har ledig helgestilling

Trude Fjæreide

osøyro, vestland, Norway
Full-time
Posted June 11, 2026

Job Description

Har du lyst å bli ein del av teamet på Legevakta? Bjørnfjorden og Samnanger legevakt og legevaktsentral har ledig fast helgestilling!

Stillinga er 26,17 % med arbeid 3 kvar helg (dag/kveld) i kombinasjon med langvakter for sjukepleiar/paramedic. Vi søkjer deg som har ledig tid på helg, held på med vidareutdanning eller jobber innen andre deler av helsetenesta og ønskjer å bli ein del av teamet på Legevakta. Du vil få god opplæring i et godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.

Arbeidsstad

Vi held til i beredskapsbygget på Moberg, i same bygg som ambulansetenesta og Brann og redning. Legevaktsentral for kommunane Bjørnfjorden, Samnanger og Austevoll.

Arbeidsoppgåver

Legevakta er ei akutt‑teneste på dagtid og utanfor legekontora si arbeidstid. Med akutt hjelp meinast: den helsehjelp som helsetenesta eller ein helsearbeidar er pliktig til å yte utan opphald ellersnarast når hjelpa er påtrengande nødvendig for å avverge fare for akutt ...