Driftsoperatør bygg og utleigebustader / driftsoperatør bygg
Arbeidsplassen
Job Description
Driftsoperatør bygg og utleigebustader / driftsoperatør bygg
To faste stillingar, 100 %.
Vil du ha ein praktisk jobb med bygg, folk og varierte oppgåver i teknisk drift?Sogndal kommune søkjer to driftsoperatørar. Den eine stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med kommunale utleigebustader og oppgåver i skjeringspunktet mellom fleire tenester. Den andre stillinga er retta mot drift og vedlikehald av kommunale bygg, med arbeidsstad i Balestrand.
Arbeidsstaden er hovudsakleg Sogndal for den første stillinga og Balestrand for den andre, men du må rekne med arbeid i heile kommunen ved behov.
Arbeidsoppgåver
I stillinga knytt til bygg og utleigebustader vil hovudtyngda av arbeidet vere oppfølging av kommunale bustader og kontakt med leigetakarar. Du bidreg ved inn- og utflytting, er eit naturleg kontaktpunkt i kvardagen og utfører førefallande vedlikehald både inne og ute.
Du vil også delta i oppussing og klargjeri...