Fagleiar bad - Hardangerbadet

Natalie Nisamjan

kvam herad, vestland, Norway
Full-time
Posted June 11, 2026

Job Description

Vil du vere med og utvikle eitt av Vestlandets flottaste badeanlegg?

Hardangerbadet søkjer ein engasjert og ansvarsbevisst fagleiar bad til ei nyoppretta nøkkelstilling. Me ser etter deg som vil vere med å sikre trygge, gode og minnerike opplevingar for gjestene våre. Du må trivast i eit aktivt miljø med høgt fokus på tryggleik, kvalitet og samarbeid.

Som fagleiar bad får du ei sentral rolle i den daglege drifta av badeanlegget. Du vil kombinere operativt arbeid i publikumstida med ansvar for opplæring, fagleg oppfølging og utvikling av gode rutinar innan tryggleik og drift. Stillinga skal bidra til å styrkje den faglege kvaliteten i badeavdelinga og vere ei viktig støtte for både medarbeidarar og leiing.

Du vil vere ein synleg og aktiv del av kvardagen i Hardangerbadet, arbeide tett saman med kollegaer og gjester, og bidra til at anlegget held høg standard innan sikkerheit, service og drift.

Stillinga rapporterer til dagleg leiar.