Job Description
- Norsk autorisasjon som lege
- ser verdien av å byggje noko over tid saman med gode kollegaer
Fastlege
Ved Osøyro legesenter i Bjørnafjorden kommune har vi ledig 100 % fast stilling som fastlege.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit moderne legekontor med stort utviklingspotensial. Kontoret er framleis i oppbyggings- og utviklingsfase, og du vil få høve til å påverke både fagleg retning, struktur og vidare utvikling av praksisen i åra som kjem, med mål om overgang til næringsdrift.
Om arbeidsplassen
Osøyro legesenter ligg sentralt i Os, berre ca. 2025 minutt frå Bergen med bil, og har gode bussforbindingar.
Legekontoret flytta inn i nye og moderne lokale i januar 2024. Her arbeider i dag fire legar saman med dyktige helsesekretærar i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg engasjement og korte beslutningsvegar.
Vi er opptekne av å byggje...