Job Description
Vi søker ein engasjert og dyktig fastlege til vikariat frå perioden 1.sept 2026, oppstart kan tilpassast ved behov, og inntil 2 år, med listetak på 800 pasientar. Det er mulegheiter for at stillinga vart gjort fast iløpet av perioda.
Legetenesta i Herøy har dei siste åra hatt stabil fastlegedekning, og starta 2026 med faste legar i alle våre 11 fastlegeheimlar. Av desse er fire ALIS-legar forøvrig erfarne allmennlegar. Vi har LIS1-lege, og om hausten tek vi imot studentar frå NTNU Trondheim.
Trivsel og fagleg utvikling blir fremja gjennom legemøter kvar veke og internundervisning kvar månad. Alle ALIS-legane får rettleiing kvar veke med spesialist i allmennmedisin. Som vikar får du ansvar for ei fastlegeliste med listetak på inntil 800 personar. Kommuna eig og driv legesenteret, og som næringsdrivande får du ein svært gunstig legeavtale—vesentlig betre enn 8.2 avtale. Vi søkjer primært etter ein lege som vil arbeide på næringsdrift, men andre driftsformer kan disk...