Forskingsgruppeleiar - AI in Medical Imaging

Arbeidsplassen

ålesund, møre og romsdal, Norway
Full-time
Posted June 16, 2026

Job Description

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Forskargruppa AI in Medical Imaging (AIMI) ved Helse Møre og Romsdal HF er ei internasjonalt retta og fagleg produktiv gruppe som arbeider i skjeringspunktet mellom kunstig intelligens, MR-fysikk og klinisk biletdiagnostikk. Gruppa har etablerte samarbeid med Stanford University, Oslo universitetssjukehus, NTNU, Norwegian Open AI Lab, Akershus universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus, og har ein sterk tradisjon for å kombinere metodeutvikling med klinisk translasjon og rettleiing av studentar.
Grunnleggjaren og tidlegare leiaren for gruppa, som no er forskings- og utdanningssjef ved HMR, vil framleis vere fagleg involvert med 20 % avsett forskingstid. Vi søkjer ein vikar som kan ta det operative leiaransvaret og arbeide tett med han for å vidareutvikle gruppa. Dette er ei unik moglegheit for ein ambisiøs forskar som ønskjer å leie ei etablert og internasjonalt synleg gruppe i ein spennande vekstfase, med tett fagleg støtte frå e...