Forskingsgruppeleiar - AI in Medical Imaging

Endre Grøvik

ålesund, møre og romsdal, Norway
Full-time
Posted June 16, 2026

Job Description

Forskargruppa AI in Medical Imaging (AIMI) ved Helse Møre og Romsdal HF er ei internasjonalt retta og fagleg produktiv gruppe som arbeider i skjeringspunktet mellom kunstig intelligens, MR-fysikk og klinisk biletdiagnostikk. Gruppa har etablerte samarbeid med Stanford University, Oslo universitetssjukehus, NTNU, Norwegian Open AI Lab, Akershus universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus, og har ein sterk tradisjon for å kombinere metodeutvikling med klinisk translasjon og rettleiing av studentar.

Grunnleggjaren og tidlegare leiaren for gruppa, som no er forskings- og utdanningssjef ved HMR, vil framleis vere fagleg involvert med 20 % avsett forskingstid.

Vi søkjer ein vikar som kan ta det operative leiaransvaret og arbeide tett med han for å vidareutvikle gruppa. Dette er ei unik moglegheit for ein ambisiøs forskar som ønskjer å leie ei etablert og internasjonalt synleg gruppe i ein spennande vekstfase, med tett fagleg støtte frå ein erfaren forskar og ...