Forskingsrådgjevar

Universitetet i Bergen

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 12, 2026

Job Description

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskingsrådgjevar
Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei stilling som forskingsrådgjevar (rådgjevar).
KMD er med sine ca. 190 tilsette og omlag 650 studentar fordelt på tre institutt. Vi er eit fagleg vidfemnande fakultet, med forskingsaktivitet innan kunstnarleg utviklingsarbeidi våre kunstnarlege og utøvande fagmiljø, i tillegg til vitskapleg forsking innan musikkvitskap og musikkterapi. Som forskingsrådgjevar inngår du i eit team på om lag 3 årsverk og samarbeider tett med andre funksjonar i fakultetsadministrasjonen, som studieseksjon, formidlingsgruppe og ressursgruppe.
KMD er i ein oppbyggingsfase for å få til økt eksternfinansiert forskingsaktivitet, og har høge målsetjingar om i endå større grad å innhente eksterne m...