Førsteamanuensis i helsevitskap ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Universitetet i Bergen
Job Description
Arbeidsoppgaver/forskingsområde:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til helsevitskap og master i helse og samfunn, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogrammene fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse innan helsefag, humaniora eller samfunnsvitskaplege fag og tverrfa...