Førsteamanuensis (Innstegsstilling) I Informasjonssikkerheit

Universitetet i Bergen

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 16, 2026

Job Description

UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis i informasjonssikkerheit
Institutt for informatikk ønskjer å rekruttere ein førsteamanuensis i informasjonssikkerheit i innstegsstilling. Dette er ei åremålsstilling med varigheit i seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som professor ved slutten av tilsetjingsperioden.
Om instituttet
Digitalisering av bedrifter, industri, offentleg administrasjon og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet vårt skal lukkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning på eit høgt internasjonalt nivå i algoritmar, bioinformatikk, inf...