Job Description
Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?
Møre og Romsdal friomsorgskontor har ledig eit vikariat som fyrstekonsulent ved underkontoret i Ålesund fram til .
Friomsorga i Møre og Romsdal er ein del av kriminalomsorga, og vi jobbar for å gjere samfunnet tryggare – éin samtale, éi oppfølging og éin endringsprosess om gongen.
Vi er på jakt etter deg som har lyst til å bidra til at maskineriet går som smurt. Du er den som likar å halde oversikt, finne løysingar, og sørgje for at ting ikkje berre blir gjort – men blir gjort rett.
Vi har eit stort hjarte for menneske, eit våkent blikk for detaljar og eit godt samarbeid på tvers av kontora våre.
Avdelinga for elektronisk kontroll har 9 tilsette, 5 som har arbeidsstad i Molde og 4 som har arbeidsstad i Ålesund. Stillinga er i turnus med dag, kveld og helg.
Fyrstekonsulent elektronisk kontroll
Som fyrstekonsulent har ein ansvar for dei domfelte og tilsette sin trygg...