Job Description
Om stillinga
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim frå snarast/etter avtale. Turnus kvar 4. helg (langvakter) eller kvar 3. helg (ordinære vakter).
I Gulen kommune er det løn over tariff for helsefagarbeidarar som går i turnus, samt ekstra helgekompensasjon for gått vakt.
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolveiningar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling.
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest