Job Description
Om Avdelinga
Ågotnes skule er ein barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag 15 minuttar køyretur frå regionsenteret Straume. Ågotnes skule er ein nynorskskule, men har undervisning på både nynorsk og bokmål. Skuleåret vil skulen ha om lag 230 elevar og 40 tilsette.
Visjonen vår er «Ein god stad å vere, ein god stad å lære.» Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande felleskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein SUPER skule.
Vi søkjer no ein trygg, kompetent og relasjonssterk medarbeidar som ønskjer å bidra til eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevar i ulike aldersgrupper. Stillinga omfattar arbeid i skule, SFO og ferie-SFO.
Arbeidsoppgaver
- Miljøarbeid i skulekvardagen, individuelt og i gruppe
- Støtte til elevar med særskilte behov, inkludert ADL-oppgåver. Oppgåver knytt til dagleg stell og omsorg vil vere ein del av arbeidet
- Bidra til trygge og inkluder...