Helsefagarbeidar 100% vikariat - Ågotnes skule

Øygarden kommune

straume, vestland, Norway
Full-time
Posted June 13, 2026

Job Description

Ågotnes skule er ein barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune, omtrent 15 minuttar køyretur frå regionsenteret Straume. Skulen er ein nynorskskule, men har undervisning på både nynorsk og bokmål. Skuleåret 2026‑2027 vil skulen ha om lag 230 elevar og 40 tilsette.

Visjonen vår er «Ein god stad å vere, ein god stad å lære». Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande felleskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein SUPER!! skule.

Vi søkjer no ein trygg, kompetent og relasjonssterk medarbeidar som ønskjer å bidra til eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevar i ulike aldersgrupper. Stillinga omfattar arbeid i skule, SFO og ferie‑SFO.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid i skulekvardagen, individuelt og i gruppe
  • Støtte til elevar med særskilte behov, inkludert ADL-oppgåver. Oppgåver knytt til dagleg stell og omsorg vil vere ein del av arbeidet
  • Bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø i s...