Helsefagarbeidar 80% fast stilling i Heimetenesta

Arbeidsplassen

åse, vestland, Norway
Full-time
Posted June 07, 2026

Job Description

Me søkar etter ny kollega til Heimetenesta i Sveio kommune, fast helsefagarbeidarstilling 80%. Heimetenesta har base på sjukeheimen i Sveio og server innbyggarane frå Tittelsnes i nord til Vikse i sør. Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord.

Eininga har eit godt arbeidsmiljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Du skal få ei god opplæring og me tar godt i mot nytilsette. Me er opptatt av at du trivs og kjenn deg trygg i avdelinga. Turnus er todelt dag/kveld, me har årsturnus som går over 52 veker og moglegheit for langvakter på helg.

  • I Heimetenesta jobbar me aktivt for at brukarane skal meistre å bu heima så lenge som mogeleg
  • Mange spennande faglege utfordringar i tenesta der brukarane har eit alderspenn frå 0-100+ år
  • Heimetenesta arbeider tverrfagleg med andre einingar i kommunen som bl.a tenestekontor, psykisk...