Helsefagarbeidar

Hareid kommune

hareid, hareid, Norway
Full-time
Posted June 11, 2026

Job Description

Ein av våre erfarne medarbeidarar går no av med pensjon, og vi søkjer derfor ein engasjert helsefagarbeidar som ønskjer å bli ein del av det gode arbeidsmiljøet i heimetenesta. **Vi har ei fast 90 % stilling i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg, og eit 100 % svangerskapsvikariat i tredelt turnus med helg på natt. Oppstart er så snart som mogleg.**
Vi ser etter ein person som tek ansvar, møter menneske med varme og respekt, og som er løysingsorientert i møte med nye utfordringar. Du trivst med ein aktiv kvardag der ingen dagar er heilt like, og du evnar å halde humøret oppe sjølv når arbeidsmengda er stor. Gode kommunikasjons
- og samarbeidsevner er viktige eigenskapar i denne rolla, og vi ønskjer oss ein medarbeidar som bidreg positivt både fagleg og sosialt.
Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du moglegheit til å utvikle deg vidare og tileigne deg verdifull erfaring. Arbeidet vårt handlar om å gi brukarane god livskvalitet, styrke eigne ressursar og leggje til rett...