Job Description
Kulatoppen HDO har 32 heildøgns-bemanna omsorgsbustadar (HDO) fordelt på 4 avdelingar.
Kulatoppen heimeteneste HDO treng autoriserte fagpersonar i faste stillingar som kan jobbe 2-delt turnus som kan inkludere nattevakter.
Vi har ein fantastisk arbeidsplass med godt arbeidsmiljø i eit moderne og velutstyrt omsorgssenter som bidrar til fagleg utvikling og trivsel både for bebuarar og tilsette.
Er du utdanna og autorisert helsefagarbeidar? Søk stilling hos oss og bli med i vårt team der du kan bidra til gode brukaropplevingar, godt kollegialt samarbeid og framtidsretta tenesteutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Daglig stell, pleie og yte god omsorg for pasientar
- Utføre gode kliniske vurderingar i samarbeid med sjukepleiar
- Dokumentere observasjonar og vurderingar
- Skrive pleieplanar og IPLOS
- Utføre fagprosedyrer
- Veilede, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og studentar