Integreringskonsulent 100 % Vikariat

Fjaler kommune

dale, dale, Norway
Full-time
Posted June 12, 2026

Job Description

Vi har ledig eit 100 % vikariat som integreringskonsulent i Integreringstenesta. Vikariatet har varigheit på ni månader med moglegheit for forlenging. Fjaler kommune har busett nærare 100 flyktningar sidan 2015, og vil etter planen busetje fleire i åra som kjem. For tida er det 2 faste stillingar i tenesta. Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling er næraste overordna.
Som integreringskonsulent hos oss vil du ha tett samarbeid med dei tilsette og leiaren i Integreringstenesta. Du vil i hovudsak ha praktiske oppgåver i samband med mottak av nye flyktningar og rettleiing og hjelp til dei som allereie er busett i kommunen. Det er viktig at du er god på å skape relasjonar og har interesse for å drive godt integreringsarbeid.
Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir, vi ser fram til å høyre frå deg.
**Arbeidsoppgåver**:
- Rettleiing og oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet
- Vere med å sikre god oppfølging av den einskilde i samar...