Kommuneoverlege

Høyanger kommune

høyanger kommune, høyanger kommune, Norway
Full-time
Posted June 10, 2026

Job Description

Legetenesta i Høyanger er eit veletablert legekontor med 5 fastlegeheimlar, 1 LIS-1 lege, sjukepleiarar og helsesekretærar.
Legetenesta har to utekontor som er plassert i Lavik og på Sørsida. Legetenesta deltek i interkommunal legevakt og samarbeider om miljøretta helsevern med 8 andre kommunar.
Vi har ledig 50 % fast stilling som kommuneoverlege.
Stillinga er administrativt organisert under kommunalsjef helse og omsorg, men er rådgjevar for heile kommunen i helsefaglege spørsmål.
Kommuneoverlegen er viktig i det tverrfaglege folkehelsearbeidet i kommunen, i kommunal planlegging og i styringsdialog med fastlegane i kommunen.
Vi søker ein kommuneoverlege som er fleksibel og open for ein hektisk arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver. Nokre oppgåver er langsiktige og strategiske, medan andre er utløyst av fortløpande hendingar.
**Arbeidsoppgåver**:
Følgje ny nasjonal rettleiar for samfunnsmedisinsk arbeid i kommunen og kommunelegefunksjonenveiledar gjeldande frå...