Ledig stilling i Helse og omsorg

Nina Kristin Tomren

aukra, møre og romsdal, Norway
Full-time
Posted June 16, 2026

Job Description

Ønskjer du ein spennande kvardag med nye utfordringar som skal løysast i samarbeid med fagleg dyktige medarbeidarar? Heimesjukepleia i Aukra kommune vil ha fleire med i teamet.

Aukra kommune er ein liten øykommune med 3700 innbyggjarar. Kommunen ligg omlag 25 minutt frå Molde. Kommunen består både av øy og fastland, og senteret ligg på øydelen. Det tek 10 minutt med ferge for å komme til fastlandet, og ferga er gratis. Aukra kommune har nye skolar, barnehagar og omsorgssenter. Aukra Omsorgssenter var ferdig i 2018, og bygget er nytt og tilrettelagt. Kommunen har nytt kulturhus frå 2022 der det er stor aktivitet. Kommunen har eit rikt kulturliv, og det er gode moglegheiter til aktiv fritid og friluftsliv.

Om stillinga

Stillinga er plassert i heimesjukepleie. Arbeidskvardagen er variert med ulike sjukepleiarfaglege oppgåver, og med fokus på pasientsikkerheit. Institusjonstenesta og heimesjukepleie held til i Aukra Omsorgssenter, og saman driftar sjukepleia...