Ledige vikariat som radiograf ved Brystdiagnostisk senter

HIldegunn Siv Aase

bergen, vestland, Norway
Full-time
Posted June 12, 2026

Job Description

Brystdiagnostisk senter er ein moderne seksjon som pr. i dag er lokalisert i flotte, nye lokale på Haraldsplass diakonale sykehus.

Seksjonen høyrer til Radiologisk avdeling (Haukeland universitetssjukehus) som til saman har om lag 350 tilsette. Nærare 50 av dei tilsette jobbar på Brystdiagnostisk senter - herunder radiologar, radiografar og merkantilt tilsette. Vi ser no etter to nye engasjerte radiografar som har lyst å bidra positivt inn i eit sterkt fagmiljø kva gjeld mammografi og brystkreftutgreiing.

Brystdiagnostisk senter har ein topp moderne utstyrspark til bruk innan diagnostikk av brystkreft. Seksjonen driv med både mammografiscreening og klinisk verksemd. Seksjonen har 6 stasjonære mammografiapparat fordelt på våre lokale på Haraldsplass Diakonale Sykehus og Danmarksplass. Med topp moderne utstyr kan vi også greie ut presist med 3D-teknikk og kontrastmammografi og kontrastveileda biopsi. Avdelinga er i tillegg heilt i oppstarten av ei KI-studie der radi...