Job Description
Vil du bidra til betre diagnostikk, behandling og livskvalitet for menneske med sjeldne sjukdomar?
Vi søker ein engasjert og målretta leiar til å videreutvikle Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar, eining porfyrisjukdomar (NAPOS). Vi har spesialkompetanse innandiagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med desse sjeldne, arvelege sjukdomane.
NAPOS har som mål at personar med porfyrisjukdomar skal bli diagnostiserte, behandla og følgde opp på ein optimal måte og i samsvar med eigne behov. Breidda av symptom, komplikasjonar og følgetilstandar gjer at pasientar med porfyrisjukdom har behov for oppfølging frå ulike medisinske spesialitetar gjennom livet.
NAPOS rettleiar helsepersonell over heile landet knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av denne pasientgruppa, i tillegg til å utarbeide og publisere behandlings- og oppfølgingsretningslinjer for dei ulike sjukdomane. Vi driv undervisning og har eit breitt spekter av andre læringsakti...