Lis3 Nevrologi

Helse Førde HF

førde, førde, Norway
Full-time
Posted June 09, 2026

Job Description

**Fast LIS3 stilling i nevrologi - Nevrologisk seksjon, Førde sentralsjukehus.**
Nevrologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for LIS 3 i nevrologi. Seksjonen er ein del av Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR).
Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Vi har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinson, slag, hjernekreft og MS.
Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk
- og nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland Universitetssykehus for delar av spesialiseringsforløpet.
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ny og moderne sengepost med einerom til alle våre pasientar og gode arbeidsforhold for våre tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av tenestene samt organiseringa av desse.
Vi legg stor vekt på ...