Maskinsjef - Ansvar for Reservefartøy

Fjord1

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 16, 2026

Job Description

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Om stillinga
**Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!**
**Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vår målsetting er å være den sikraste og mest**attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje
- og hurtigbåttransport i marknaden!**
Vi har no ei spanande moglegheit som maskinsjef på våre reservefartøy i gamle Hordaland. For tida omfatter dette MF Sogn, MF Lifjord og MF Solskjel, med opplagskai på Steinestø ferjekai, nord for Bergen. I denne viktige stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at våre reserveferjer alltid er operative. Du vil støtte driftande ferjer ved behov for akutt bytte av fartøy eller i samband med planlagde verkstadsopphald.
Som maskinsjef på reservefartøy vil du spele ei avgjerande rolle i å oppretthalde effektiviteten på våre ferjesamband. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din faglege kompetanse og erfaring. Her vil du bli ein del...