Medikament Ansvarleg Og Koordinator

Haukeland Universitetssjukehus

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted May 29, 2026

Job Description

Om stillinga
Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar i eit forskingsmiljø på høgt internasjonalt nivå? Vi lyser no ut ei spennande, nyoppretta stilling der du får vere med å utforme arbeidsdagen din og spele ei sentral rolle i gjennomføringa av kliniske studiar.
Forskingssenteret Neuro-SysMed gjennomfører ei rekkje kliniske behandlingsstudiar innan nevrologiske sjukdommar. Mange av studiane er multisenterstudiar med pasientar både i Bergen og ved andre sjukehus i Noreg, i tett samarbeid med internasjonale partnarar. For desse studiane mottar vi studiemedisinar og kosttilskot frå samarbeidspartnarar i utlandet. Fleire av studiane er blindede, og korrekt strukturert handtering av studiemedisinar er avgjerande for kvaliteten på forskingsdataene som blir samla inn.
Vi ønskjer å styrke arbeidet med handtering og koordinering av studiemedisinar, og lyser derfor ut ei stilling som koordinator med særleg ansvar for logistikk, blinding og oversikt knytt til studieme...