Job Description
Vi har ledig 80 % fast stilling ved dagsenter for eldre.
Ynskjer du heiltidsstilling, kan denne kombinerast med ein 20 % fast helgestilling i sjukeheimsavdeling eller omsorgsbustad på Alvehaugen.
Vil du vere med å utvikle framtidas dagsentertilbod og skape meiningsfulle dagar for eldre med demens eller andre behov?
Vi ser etter ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar som vil bidra til å skape gode opplevingar, tryggleik og sosialt fellesskap for brukarane våre gjennom tilrettelagde aktivitetar og individuell oppfølging.
Arbeidsoppgåver
- planlegge og gjennomføre aktivitetar tilpassa brukarane sine interesser, funksjonsnivå og behov
- medverke til eit trygt, inkluderande og stimulerande miljø
- motivere til sosial deltaking og meistring
- samarbeide med pårørande, kollegaer og andre fagpersonar
- sørge for dokumentasjon og oppfølging i samsvar med gjeldande rutinar