Job Description
Lege i spesialisering (LIS2/3) - Augeavdelinga, Førde sentralsjukehus
Augeavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig eit seks månaders vikariat som Lege i spesialisering, med moglegheit for forlenging. Oppstart snarast, eller etter nærare avtale.
Om avdelinga:
Augeavdelinga har ni legestillingar, der fire er LIS-stillingar, i tillegg til optikarar og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet i alle delar av augefaget, ein god utstyrspark og høg kirurgisk aktivitet. Avdeling har engasjerte og dyktige medarbeidarar, og eit godt arbeidsmiljø.
Vil du vite meir om Helse Førde? Les her.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inneber arbeid som LIS 2/3 ved augeavdeling/poliklinikk
- Poliklinikken har eige operasjonsavsnitt med 2 operasjonsstover. Her vert all kirurgi innan augefaget i Helse Førde utført
- I tillegg er det vanleg oftalmologisk poliklinisk aktivitet
- Ein vil måtte ta del i...