Operasjonssjukepleiar I Odda

Helse Fonna

odda, odda, Norway
Full-time
Posted June 15, 2026

Job Description

**Om stillinga**:
**Liten avdeling. Stort ansvar. Hardanger rett utanfor døra.**
Vil du ha ein jobb der du blir ein viktig del av laget - og ein kvardag med meir ro, natur og korte avstandar?
- Vi veit at den rette operasjonssjukepleiaren kanskje ikkje bur i Odda i dag. Kanskje vurderer du å flytte, skifte tempo eller finne ein arbeidsplass der du blir godt kjent med både kollegaer, fag og pasientforløp.
Hos oss blir du del av eit lite og tett fagmiljø der operasjonssjukepleiarar og anestesisjukepleiarar jobbar mykje saman. Du blir ein sentral del av operasjonsteamet, med varierte dagar, planlagde inngrep, akutte situasjonar og tett samarbeid med kirurgar og andre faggrupper.
Her er teamet lite nok til at du blir sett - og viktig nok til at kompetansen din betyr mykje.
Odda er ikkje storbyen for deg som treng storbypuls kvar dag. Men for deg som ønskjer trygge rammer, rolegare omgjevnader, korte avstandar og natur rett utanfor døra, kan dette vere ein veldig god plass...