Overlegestillingar/ Lungelegar

Haukeland Universitetssjukehus

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 11, 2026

Job Description

Om stillinga
Vi har ledig 2 overlegestillingar som lungelege med oppstart frå snarast eller etter nærare avtale.
Lungeavdelinga er ein av dei største lungemedisinske avdelingane i Noreg og leiande innanfor pasienthandtering, utdanning og forsking. Lungeavdelinga har ca 150 årsverk og eit variert pasientbelegg med rundt 2700 avdelingsopphald (døgn
- og dag) årleg og ca. 28000 ambulante konsultasjonar. Våre to sengepostar har 38 sengeplassar, av desse 8 overvakingssenger.
Seksjon for poliklinikk og dagbehandling har ein allsidig poliklinikk, dagpost, respirasjonsfysiologisk laboratorium, eining for lungerehabilitering, undersøkings
- og intervensjonseining og tverrfagleg og tverrdisiplinær Søvnpoliklinikk i samarbeid med ØNH, Nevrofysiologisk og psykiatrisk avdeling, som administrativt er underlagd Lungeavdelinga. Nasjonalt nettverk for langtids mekanisk ventilasjon (LTMV) og Nasjonalt senter for søvnsjukdommar (SovNO) og Nasjonal behandlingsteneste for brakyterapi er knyt...