Ph.d.-stipendiat i informatikk - KI-tryggleik

Stipendiat

bergen, vestland, Norway
Full-time
Posted June 05, 2026

Job Description

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video:

Stipendiat

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i informatikk - KI-tryggleik. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Denne stillinga har som mål å fremje vitskapleg forståing av dei interne mekanismane, feilmodusane og samkøyringseigenskapane (alignment) i moderne KI-verktøy som LLM-ar (store språkmodellar). Den som blir tilsett, vil bidra til forsking som kombinerer konseptuell grundigheit med empirisk analyse, og ...