Postdoktor I Litteratur Og Generativ Ki Ved Senter for Digitale Forteljingar

Universitetet i Bergen

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 10, 2026

Job Description

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktorstilling i litteratur og generativ KI ved Senter for digitale forteljingar, ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Velkomen som søkjar til ei postdoktorstilling i litteratur og generativ kunstig intelligens (KI) ved Senter for digitale forteljingar, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Planlagd oppstart er November 2025, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, og er en del av prosjektet AI Stories.
Om prosjektet:
Den som blir tilsett skal arbeide på prosjektet AI STORIES: Narrative Archetypes for Artificial Intelligence, eit Advanced Grant frå European Research Council leia av professor Jill Walker Rettberg, med eit team beståande av to andre postdoktorar, to doktor...