Prosjektøkonom (seniorkonsulent/rådgjevar) ved Det medisinske fakultet
Universitetet i Bergen
Job Description
Prosjektøkonom (seniorkonsulent/rådgjevar)
Vil du vere med å sikre god økonomistyring i banebrytande forskingsprosjektet ved Det medisinske fakultet? Vi søker ein strukturert og analytisk prosjektøkonom som trivst med ansvar og som er god på samarbeid.
Som prosjektøkonom får du ei sentral rolle i økonomistyringa av forskingsprosjekt med stor samfunnsverdi. Du vil ha ansvar for din eigen prosjektportefølje knytt til Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2.
Du er med i eit team på 15 økonomar og sikrar korrekt budsjettering og rapportering i tett samarbeid med leiinga. Stillinga inneber også samarbeid med andre økonomimiljø ved fakultetet og UiB.
Vi nyttar Unit4 ERP som økonomisystem samt Tableau og Excel som dagleg arbeidsverktøy.
Kvifor velje oss?
Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 har omfattande forskingsaktivitet. Hos oss får du moglegheita til å jobbe med spennande økonomiske utfordringar og bidra til forskin...