Psykolog

Janne Tømmerbakke

bergen, vestland, Norway
Full-time
Posted June 05, 2026

Job Description

Psykolog – årsvikariat ved BUP Fana

Er du psykolog og ønsker å jobbe i eit fagleg sterkt og engasjert miljø? Ved BUP Fana har vi ledig årsvikariat frå mars 2026.

Om oss

BUP Fana er ein av sju poliklinikkar i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Vi held til sentralt på Nesttun, samlokalisert med BUP Ytrebygda. Opptaksområdet vårt omfattar Austevoll og Fana byområde i Bergen. Poliklinikken har 24 fagårsverk, inkludert tyngdepunktfunksjon for behandling av spiseforstyrringar, Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse og ei stilling knytt til tverrfagleg helsekartlegging.

Fagmiljø og behandlingstilbud

Hos oss møter du engasjerte og erfarne kollegaer.

  • IIP-gruppe
  • FBT-team
  • Traumebehandling med erfarne terapeutar
  • EFST-grupper tilpassa spesialisthelsetenesta
  • Eige team for utgreiing av autisme

Dei siste åra har vi hatt særleg fokus på barn og unge med nevrout...