Rådgivar / seniorrådgivar- Operasjonell risikostyring og internkontroll
Spørsmål om søknad/ CV
Job Description
Om stillinga
I Vest politidistrikt har vi ledig ei fast stilling som rådgivar operasjonell risikostyring og internkontroll ved Seksjon for virksomhetsstyring, økonomi og juridisk funksjon. For spesielt kvalifiserte søkjarar vil ein vurdere tilsetjing i stilling som seniorrådgivar.
Vi søkjer ein erfaren rådgivar innan operasjonell risikostyring og internkontroll. I denne rolla vil du bidra til å identifisere og handtere dei mest kritiske operasjonelle risikoane på tvers av heile politidistriktet. Du blir ein sentral sparringspartnar for leiinga og jobbar med område som identifiserer, vurderer, handterer og følgjer opp risikoar i den daglege drifta, slik at uønskte hendingar blir førebygde eller konsekvensane reduserte.
Vi ser etter deg som er nysgjerrig, trivst med å dykke ned i informasjon og evnar å kommunisere på ein enkel og god måte. Du er engasjert, klarer å tenkje nytt og tek initiativ. Hos oss vil du få ein variert arbeidsdag, eit svært godt arbei...