Rådgjevar Bim Prosjekt Byvekstavtale Bergen

Statens vegvesen

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 17, 2026

Job Description

Om stillinga
Statens vegvesen har ledig stilling som rådgjevar BIM og søkjer etter ein person med kompetanse innan vegbygging og oppfølging av modellbaserte kontraktar.
Stillinga er knytt til Utbyggingsdivisjonen, Prosjekt Byvekstavtale Bergen, som omfattar fleire prosjekt i Bergen. I første omgang er stillinga knytt til bygging av ny E39 Sykkelstamveg frå Nesttun til Skjold langs Fanavegen i Bergen kommune og planarbeid på E39 Vågsbotn-Klauvaneset. Stillinga omfattar også oppfølging i dei andre prosjekta hjå Byvekstavtale Bergen.
Kontorstad vil vere på prosjektkontoret til Byvekstavtale Bergen, i dag i Nygårdsgaten 112.
**Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere**:
- Ansvar for modellbaserte metodar i prosjekta til Byvekstavtale Bergen
- Integrere modellar i prosjektoppfølginga
- Oppfølging av BIM i detaljprosjekteringa og gjennomføring av entreprisearbeid og kontraktar
- Dialog med interne og eksterne prosjektaktørar om val og bruk av program for modellbasert...