Rådgjevar Innan HR Og Arbeidsrett

Haukeland Universitetssjukehus

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 10, 2026

Job Description

Om stillingaØnskjer du å bidra til å gjere leiarane ved Haukeland universitetssjukehus gode i HR-feltet?
Personal
- og organisasjonsavdelinga er sjukehuset sitt samla fagmiljø for rådgjeving og utviklingsstøtte innanfor HR-feltet. Avdelinga er eit av dei største kompetansemiljøa på Vestlandet innan personal og organisasjon, med om lag 70 medarbeidarar fordelt på fem einingar. Vi har eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarar med ulik bakgrunn og kompetanse utfyller kvarandre, deler kunnskap og samarbeider på tvers.
Les meir om avdelinga
Seksjon Arbeidsmiljø- og personalrådgjeving er sjukehuset sitt kompetansemiljø for å støtte og utvikle personalpolitikk, arbeidsrett, arbeidsmiljø/HMS og klima og miljø. Vi samarbeider tett med kliniske einingar og andre stabseiningar i sjukehuset.
Vi søkjer no ein rådgjevar med god arbeidsrettsleg kompetanse og brei kunnskap innan HR-feltet. Samstundes er det viktig at du forstår og trivst i rolla som rådgjevar i ein stor og kompleks organi...