Rådgjevar – organisasjon og innbyggarkontakt

Suldal kommune

suldal, rogaland, Norway
Full-time
Posted June 13, 2026

Job Description

Vil du vere med og utvikle Suldal kommune?

Rådgjevar – organisasjon og innbyggarkontakt

Suldal kommune søkjer ein rådgjevar i 100 % fast stilling til eininga organisasjon og innbyggarkontakt. Eininga består av 12 tilsette som jobbar med merkantile oppgåver og støtte innan helse og oppvekst, arkiv, politisk sekreteriat, HR, kommunikasjon og utviklingsarbeid. Me ønskjer oss ein kollega som er nysgjerrig, engasjert og har lyst til å vere med å forme korleis kommunen jobbar – både i dag og i framtida.

Hjå oss får du ein variert kvardag med oppgåver som spenner frå utviklingsarbeid og samarbeid på tvers av einingar, til meir konkrete driftsoppgåver. Me ser etter deg som likar å lære nye ting, som trivst med variasjon, og som ønskjer å bidra til gode tenester for innbyggarane våre. Du må vera glad i digitalisering og ha god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg.

Om stillinga

Som rådgjevar blir du ein del av eit breitt fagmiljø i...