Job Description

UDI Frist Ansettelsesform Fast Rådgjevar/seniorrådgjevar innan logistikk og styring av mottakskapasitet Er du på jakt etter ein variert arbeidskvardag der du får brukt kompetansen din til eit viktig samfunnsoppdrag? I Mottak og Retur i Utlendingsdirektoratet (UDI) får du høve til det. Hjå oss er det rom for læring og utvikling, og du får høve til å bidra i arbeidet med å betre tenestene. Til nyoppretta stilling søkjar vi; Rådgjevar/seniorrådgjevar innan logistikk og styring av mottakskapasitet UDI Regionkontor Vest (Bergen) Trur du det er tungvint og tregt i staten? Gløym det! I UDI - og særleg i Mottak og retur - er det høgt tempo og mykje aktivitet. Vi er ein beredskapsorganisasjon som blir påverka direkte av det som skjer i verda. Det er ansvaret vårt å sikre at flyktningar og asylsøkjarar får ein stad å bu frå dei kjem til Noreg og til dei får svar på søknaden, og anten blir busette i ein kommune eller returnerer til heimlandet. Det inneber mellom anna at vi løpande vurderer kor ...