Seksjonleiar

Haukeland Universitetssjukehus

bergen, bergen, Norway
Full-time
Posted June 03, 2026

Job Description

Om stillinga
**Har du lyst til å vere leiar på poliklinikken i ortopedisk avdeling?**
Ortopedisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus har 6 seksjonar; traume, rygg, tumor, protese, ortopediske infeksjonar og barn. Avdelinga drifter 7 operasjonsstover samt ein stor poliklinikk der noko av den polikliniske verksemda går føre seg i Glasblokkene.
Det er ledig stilling (100%) som leiar på ortopedisk poliklinikk, Haukeland universitetssjukehus frå . Det er ein stor poliklinikk med ca 28.000 konsultasjonar i året med stor variasjon av ortopediske pasientar (øyeblikkeleg hjelp, utgreiing av ortopediske tilstandar og kontrollar med diverse prosedyrar som gipsing, sårbehandling, operasjonar i lokalbedøving og injeksjonar).
Sjukepleiarar organiserer dei polikliniske øktene og assisterer legane ved ulike prosedyrar. Sjukepleieressursane utgjer for tida 8,5 årsverk. Det er godt samarbeid med sengepostane og det er fleire sjukepleiarar som har deler av stillinga på sengepost. Arbeid...