Job Description
Sjukepleiar 100% fast stilling m/rekrutteringstilskot - Rosendalstunet
Sjukepleiar 100 % fast stilling
Arbeidsstad: Rosendalstunet – midt i vakre Rosendal
- Rekrutteringstilskot på kr. 50.000,- for deg som ikkje jobbar i kommunen fra før (2 års bindingstid)
Turnus:
Arbeid kvar 3. helg eller turnus med langvakter. Moglegheit for langvakter også i vekedagar.
Har du hjarte for dei eldre og eit godt lag med menneske? Då kan du vera akkurat den sjukepleiaren vi gler oss til å få på laget!
På Rosendalstunet jobbar vi med det viktigaste som finst: gode kvardagar for menneske som treng pleie, omsorg og eit ekstra smil. Her får du høve til å fordjupe deg i geriatrisk sjukepleie i eit fagmiljø som både er sterkt, støttande – og skikkeleg triveleg.
Kven er vi?
Rosendalstunet ligg i nydelege omgivnadar ved Hardangerfjorden (ja, du får nærmast vakker utsikt på kjøpet kvar dag). Inst...