Sjukepleiar Ved Hogatunet Bu- Og Behandlingssenter

Stad kommune

nordfjordeid, nordfjordeid, Norway
Full-time
Posted June 07, 2026

Job Description

**Om stillinga**:
Vi søker sjukepleiar i fast stilling i turnus ved Hogatunet. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om annan stillingsprosent kan vurderast.
Du må trivast med ansvar,ta sjølvstendige faglege vurderingar og handtere varierte situasjonar. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar.
Du får brukt din sjukepleiarkompetanse der den trengst mest. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear er verdsette. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.
Som tilsett i eininga vil du samarbeide med andre tenester som heimetenesta, sjukehus, legetenesta og fysio-og ergoterapitenesta.
Vi har årsturnus og stillinga har tredelt turnus med hovudvekt på nattevakter. Det er arbeid kvar 3. helg og det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon....