Sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar-

Arbeidsplassen

haugesund, rogaland, Norway
Full-time
Posted June 07, 2026

Job Description

Sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar?

Ved Akuttpsykiatrisk post ved Haugesund sjukehus møter du menneske i akutt psykisk krise. Her treng vi sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar som klarer å vere rolege, tydelege og varme – også når situasjonen er krevjande.

Vi ser etter deg som trur på relasjonar som ein viktig del av behandlinga. Du forstår at eit blikk, ei pause eller det å vere til stades kan bety mykje. Og du ønskjer ein jobb der du kan gjere ein forskjell – også når resultatet ikkje viser med ein gong.

Kanskje er dette deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Stillingane er i turnus med dag-, kveld- og nattarbeid.

Oppgåvene er i stor grad felles for sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar. Nokre oppgåver, som til dømes legemiddelhandtering, følger autorisasjon, kompetanse og gjeldande rutinar.

Kva gjer vi hos oss?

Hos oss jobbar du tett på pasientar i akutt psykisk krise. Arbeidskva...